Hugs
Som eg har skrevet før: Hugs at du treng ikkje gå på ski kvar dag. Du kan klatre is også
Som eg har skrevet før: Hugs at du treng ikkje gå på ski kvar dag. Du kan klatre is også
uff, nesten ein månad sidan sist eg har blogga noko, og når eg endeleg tok med meg eit kamera på tur så ser eg at det var same turen som eg gjekk sist eg blogga. Jaja. flott føre, både masse laussnø og relativt lettgått i fjellet no. Men det er vindpakka på dei mest utsatte stadane. Truleg ein del nedsnøa overflaterim, eit fingerfast lag under den siste laussnøen og ein god del kantkorna snø under der igjen. Så då var det sagt.
Gjekk ein tur på Nosakollen på fredag. Imponerande mykje snø når ein kjem oppover mot Kollen. dvs at allereie frå 800moh ligg det godt med snø. I siste bakkane er det 40 cm med laussnø, med ein god sole under. truleg 70-80 cm tilsaman. Litt lite snø nede på Myri, men den er fast å gå i så ein øydelegg ikkje noko ski. Så det er berre å kome seg på ski, ingen grunn til å klage over skiføret. Me har truleg mest snø i landet nett no om dagen. Legg ut nokre bilete teke frå Kollen med mobilkamera med knust linse.
Etter grundingare granskingar av isgranskingskommisjonsleiaren og asistenten hans har me kome fram til at skøyteisen IKKJE er trygg nok. I allefall ikkje på heile Breavatnet. Viss de likevel prøver isen kan det vere lurt å ha med litt tau og ei isøks.
Då var isen på breavatnet testa og funnen trygg (nok). Den heldt i allefall meg og Arve. Stort sett er han noko ruglete, men det går heilt fint å gå på skøyter. Pass opp for stein på isen utanfor brygga (og ikkje hiv meir utpå!). I år gjekk det altså mindre enn ei veke frå badesesongen i breavatnet vart avløyst av skøytesesong. Arve tok nokre bilete, kanskje han bloggar litt i løpet av kvelden?