Archive for the Uncategorized Category

Vær og kamera

Då hamnar filene mine på rett stad att, og de kan sjå oppdaterte bilete og værdata på høgre side her. Men framleis ein del tull med linkar osv lenger nede i bloggen.

Lodalskåpa på Brefestivalen

Lo(e) namnet var i særstilling under Ã¥rets brefestival. Erlend Loe var pÃ¥ Hytta pÃ¥ Mannen og andre var pÃ¥ LOdalskÃ¥pa….

Nutleikarlagslavvu??

Er det nokon som har lavvuen til Nutleikarlaget liggande heime? Det er i allefall lenge sidan nokon har sett den. Truleg ikkje sidan sist Brefestival. Kanskje den står i skogen over Hellebø endå? Og: det står ei full gassflaske på trappa hjå Bjørnar og Anne Marte. Viss nokon har lyst på ekstra, gratis og god [...]

Lofoten

Slik kan Lofoten sjå ut om ettermiddagen gjennom mobiltelefonen min

Folk i farta

No om dagen er eg i Setesdalen og held kurs for Krigsskulen, det er ikkje kven som helst som er vegledarar her. Ein Påsketurist frå Sunnfjord, Ein koffertløpar frå Jostedal, og ein kar med stridsrasjonen fint plassert på utsida av sekken.

Hyttedøra – igjen :-)

Eg var oppe på hytta for å sette i ein krok på døra sist veke, men døra var sjølvsagt så solid at eg ikkje klarte å skru i den.. Så viss nokon går forbi ein dag med ein drill i sekken og eit tynt bor så hadde det vore fint. Elles: viss de brenn tom [...]

Hugs

Som eg har skrevet før: Hugs at du treng ikkje gå på ski kvar dag. Du kan klatre is også

Vatn

Vatnet vårt forsvann på vegen inn til huset. Men med ein god dag med graving fann me ut kvar det var blitt av. I mellomtida var då sjølvsagt røyra inn frosne, sidan det ikkje var noko gjennomstrauming gjennom dei, men no er det ikkje mange dagane før me har vatn i springane igjen, trur eg.

Hjallais

Har litt for mykje å gjere om dagen til at eg klarar å oppdatere blogg så ofte, men her er nokre bilete frå ein av skøyteturane på Breavatnet i oktober. Er det nokon som veit noko om tilhøva på vatnet no?

Vestsida_Vigdøla

Hugs at NVE held ope møte på onsdag og viss du skal fortelje NVE om kva du meiner om dette kan du sende høyringsutaling for Vigdøla her og Vestsida her.. (det lyt du gjere innan 1. oktober.)

Free Blog Themes and Free Blog Templates
Free Blog Themes and Free Blog Templates