Archive for the Bukve Category

Veg

i dag er eg glad eg ikkje jobbar i teknisk drift i i kommunen.

Ved

   Eit par bileter frå dagens vedarbeid. Far min sagar og mor mi kløyver og eg tek bilete. Så får me sjå kven som stablar, det vert vel ei gong i neste veke.  

Orr

Då eg kom heimatt i kveld sat det seks orrhanar og beita i treet nett over Bukve. Då lyt me vel gjere oss klare til eit rabalder om morgonane igjen. Jaja. naturen er rundt oss på alle kantar.  

Bilettekst frå Sogn avis.

Då eg kom heim etter helga og las gjennom Sogn avis såg eg plutseleg eit bilete av meg sjølv der eg står i skodda på Skagastølsryggen og drikk frå slangen min. Under biletet stod det: "Lyttar du? Fjellføraren viser deg veg gjennom skodda og er ein person du bør lytta til. Er du ein god [...]

Stova

Etter utalige oppfordringar legg me ut bilete av stova slik den vart sjåande ut etter oppussinga. Ny sofa og stol kjem etter nyttår.

Snømålestav

Av eit gamalt gardinbrett har Kjellrun laga ein snømålestav som me ser frå stovevindauget. Med tid og stunder kan det hende at det kjem eit web kamera som peikar mot denne. Men slik ser han ut i dag.

No lakkar det mot jul

I går kveld fekk golvet det fyrste strøket med lakk. Før Kjellrun kunne lakke det måtte det leggast. Før hadde me eit eller anna golv belegg i stova, og det går jo ikkje an å lakke. Så sidan det skulle lakkast måtte me fyrst legge eit furugolv. Deretter vart listene hengt oppatt på plassane sine, [...]

oppussing del ?

Då var som sagt all tapeten vekke og så skulle den hengast oppigjen. Det som eg tykte var litt merkeleg var at me skulle måle bak den og uttapå den. Men men, det er sikkert ei meining i det også.  Her har Kjellrun måla på veggen før tapeten skal hengast opp, og eg vart satt [...]

Meir vasking

Det var ikkje alle som trudde på at me skulle vaske bak tapeten, så eg lyt legg ut eit par bilete for å vise at det var det me gjorde  Kjell i god gang med vaskinga. Nei, det som eigentleg hendte var at når me skulle henge oppatt tapeten etter å ha vaska den i [...]

Julevask

Då var me i god gang med julevasken. Men er det eigentleg vanleg å ta ned tapet og lister for å vaske bak?  

Free Blog Themes and Free Blog Templates
Free Blog Themes and Free Blog Templates