Archive for the Fjellturar Category

Ski i Nordfjord

Fekk ein rask tur i sola i dag også. Hundane ser på utsikta.

Blogg oppdateringar

Lite Blogging pÃ¥ skimannen no om dagen, men når eg er på jobb så hender det at eg legg ut litt på Norgesguidenebloggen den finn du her: http://norgesguideneblogg.blogspot.com/ men kan no legge nokre av bileta mine her også: Torskmannen: Geitgaljartind:

Julefeiring

uff, nesten ein månad sidan sist eg har blogga noko, og når eg endeleg tok med meg eit kamera på tur så ser eg at det var same turen som eg gjekk sist eg blogga. Jaja. flott føre, både masse laussnø og relativt lettgått i fjellet no. Men det er vindpakka på dei mest utsatte [...]

Hurrungane

Jamman bra eg ikkje hadde tid til å blogge alle bileta mine i sommar, sidan det framleis ser ut som at det vert ei stund til ferske skibilete.

Store Austabotntind

Denne helga hadde eg truleg sesongens siste tur på Store Austabotntind. Men det er framleis gode forhold i fjellet.

Reinsdyr

Ein tidleg morgon me gjekk oppover Skagadalen kom det ein flokk reinsdyr springande og stilte seg opp for å bli fotograferte. Dei burde nok ha stått der til me kom nedatt og hadde litt betre lys, men me knipsa då nokre bilete.

Galen?

viss nokon såg at eg køyrde nedover dalen klokka 0500 i dagtidleg og byrja å lure på kva eg dreiv på med så forstår eg det, men eg skulle berre på skitur i Sogndalsdalen.

Lofoten

Denne veka er Norgesguidene på Camp lofoten. Og det er såpass slitsomt at eg berre legg ut desse bileta så får de gjette kva me driv på med

Fredag den 13.

å gå på skitur på fredag den 13. med ein ordenteleg ulykksfugl burde vel vere dømt til å mislykkast. Men me fann no noko laussnø i allefall.

Høgfjell

veret og formen var akkurat passe til å ta ein tur i høgfjellet i dag, eg orka tilogmed å ta med store kameraet, og då lyt ein no ta nokre bilete sjølv om det berre var BB og hundane som var der oppe, og dei kunne eg no teke bilete av heime.

Free Blog Themes and Free Blog Templates
Free Blog Themes and Free Blog Templates