I dag har det blitt brøyta til Vanndalen. I løpet av dagen medan me tok oss ein skitur i flott turrsnø i bakkane over Vanndalsvatnet tinte det fram mykje asfalt i vegen, men uansett var det godt køyrande for alle med vinterdekk allereie i dag.
uff, nesten ein månad sidan sist eg har blogga noko, og når eg endeleg tok med meg eit kamera på tur så ser eg at det var same turen som eg gjekk sist eg blogga. Jaja. flott føre, både masse laussnø og relativt lettgått i fjellet no. Men det er vindpakka på dei mest utsatte [...]
Nansen feira gebursdagen sin på Vangsen i dag. Eigaren var svært nøgd med skiføret.
Gjekk ein tur på Nosakollen på fredag. Imponerande mykje snø når ein kjem oppover mot Kollen. dvs at allereie frå 800moh ligg det godt med snø. I siste bakkane er det 40 cm med laussnø, med ein god sole under. truleg 70-80 cm tilsaman. Litt lite snø nede på Myri, men den er fast å [...]
Etter grundingare granskingar av isgranskingskommisjonsleiaren og asistenten hans har me kome fram til at skøyteisen IKKJE er trygg nok. I allefall ikkje på heile Breavatnet. Viss de likevel prøver isen kan det vere lurt å ha med litt tau og ei isøks.
Då var isen på breavatnet testa og funnen trygg (nok). Den heldt i allefall meg og Arve. Stort sett er han noko ruglete, men det går heilt fint å gå på skøyter. Pass opp for stein på isen utanfor brygga (og ikkje hiv meir utpå!). I år gjekk det altså mindre enn ei veke frå [...]
Denne helga hadde eg truleg sesongens siste tur på Store Austabotntind. Men det er framleis gode forhold i fjellet.
måtte no ta nokre bilete i dag også, sjølv om dei liknar på dei for 2 år sidan.
Det har desverre vore ein del torever i dag som har slege ut jordfeilbrytaran. Difor har verpcen slege seg av, men no er den oppe og går att, og etterkvart vert nok målingane oppdaterte på nett også. Men på skjermen min her heime ser eg i allefall att det har kome over 50mm siste 24 [...]
Snøen er framleis mjuk og fin.