Mannen
I dag har me vore på Mannen. Det var godt å sjå at nye døra låg turt og fint inne. Der kan den ligge i mange år utan å ta skade av det. Det ser ut som at det framleis er best skiføre i dei bakkane som sola har fått ta tak i.
I dag har me vore på Mannen. Det var godt å sjå at nye døra låg turt og fint inne. Der kan den ligge i mange år utan å ta skade av det. Det ser ut som at det framleis er best skiføre i dei bakkane som sola har fått ta tak i.
No har folka i Bakken heve seg på blogbølgja dei også. Me veit jo alle at dei knapt går utanfor dørane utan å ha med fotoapparatet, og har nok ei imponerande biletsamling dei kan dele med oss. Eg ser at dei allereie har byrja å mimre tilbake til tidlegare påskerevyar. Følg med, dette kan bli [...]
Etter sist oppdatering av skiturar har me vore eit par turar på Geisdalsnosi. I dag var me ein tur litt forbi Nosakollen etter arbeid. Det ser ut som at det framleis er best skiføre i dei hellingane som sola får jobba litt med.
Då vil alle i Bukve ynskje Tor Yttri til lykke med dagen. Me skulle vel hatt eit bilete av jubilanten også, men det er ikkje sikkert at han ville satt pris på det…
No har veret og føret vore med oss siste dagane. Me har fått med oss Vivakulen, Buskrednosi og Vangsen. Skal tru kva morgondagen bringer? I dag var føret så som så. blaut snø og skikkeleg sugeføre, men det er no i allefall lett å gå.
No har eg vore på Snøholetur med 6. og 7. klasse på Vigdalstølen. I dag var eg oppe for å skrive i vintertrimboka, forutsjåande som eg var tok eg med meg ein spade for å grave fram postkassa. Og nett som eg tenkte var den gamle skålen som postkassa har brukt å henge på godt nedsnøa. [...]
I dag var eg og Jølle ein tur i Vanndalen. Flott føre, men skiftande ver, slik det ofte er når det er nordvest. [myflash=Vanndalen180307]
Eg driv framleis og prøver forskjellege måtar å vise bileter på, no kan det hende at det vert slik som dette: [myflash=bretur]
Gratulerar med trettiseksårsdagen den 18. mars til Frank.
Jostedaldesign har endeleg fått nettsider, og der kjem oppdateringane fortare enn de klarar å følgje med,