I dag tidleg då eg sat og åt frukost kom det noko løge gjennom tunet, det var ikkje folk og ikkje dyr, men ein bekk. Eg kasta skiva mi og treiv krafsa og gjekk for å sjå kva som skjedde. Vatnet hadde funnet ut at det ville ta ein annan veg enn vanleg, men eg [...]
Har nokon sett brillene mine dei siste dagane? Eg byrjar å sakne dei, og har gjort det sidan før helga.
Då me vakna i dag tidleg hadde det kome ein 10-15 cm snø i tunet. Det var sjølvsagt alle glade for. Då det utpå ettermiddagen byrja å blåse slik at snøen dreiv over marka også følte me at (fimbul)vinteren var på veg.
Då har me vore ein tur på stølen i Breim. Eg gjekk ein tur på Blåfjell, etter at Per Magne og Guttorm frå Stardalen tilfeldigvis kom forbi og skulle den vegen. Det var godt og varmt og snøen smelta medane me såg på den. Elles sat me stort sett i solveggen og tok bilete av [...]
Overskrifta her var ikkje ein skrivefeil. Det me driv på med er eignetleg vlogging på norsk. Ordet "blogg" (med to g'ar) kjem frå det engelske ordet "blog". Dette er ein kortform av dei to engelske orda "web-log". På norsk burde vel dette bli "vev logg" og utifrå det får me "vlogg". Sjølv har eg synda [...]
Uansett kven rypa var, om ho var, og kva ho i tilfelle dreiv på med, no bloggar ho. Klikk her.
No hadde me eit vindkast på 14,1 m/s. Det er stivkuling. Det ser ut som at eg bør legge inn ein alarm på 14m/s i verstasjonen sidan det er då bølgeblikkplatene bles av veden vår. Elles så ser eg at i følgje regnmålaren min så har me hatt flaum her i Bukve siste døgn. Det [...]
Då var påska over for denne gong, den byrja med det finaste vårsnøføre, og i dag avslutta me med ein skitur i den lettaste og finaste dunsnø. Eg kan dessverre ikkje skrive kvar me var, for nokre fine skiturar kan me ikkje offentelegjere for gud og kvarmann. Fekk ikkje teke noko bilete i dag sidan [...]
No er det eindå fleire Jostedøler som skriv om det eine og det andre. Anne Marte har laga seg ein blog slik at me kan få høyre om kva ho gjer når ho reiser utanlands, og Einar Ese skriv om villrein.