Bregruppa
I kveld hadde me ei økt der me trene på å heise folk opp frå vegen og inn på skredsnøen i Vetlestølsdalen. Det kan jo vere greitt i tilfelle det hadde kome bil. Bilete kjem ein dag.
I kveld hadde me ei økt der me trene på å heise folk opp frå vegen og inn på skredsnøen i Vetlestølsdalen. Det kan jo vere greitt i tilfelle det hadde kome bil. Bilete kjem ein dag.
dei to siste vekene har Telemarksbataljonen lege i Jotunheimen og hatt fjellkurs. Som avsluttningstur har dei gått over Smørstabbreen, og då treng dei breførarar. Det er ganske spesiellt å sjå bak seg og oppdage at taulaget går i like klede og ber våpen. [myflash=telemarkbat]
Onsdag sist veke vart vatnet vekke i Bukve. Kjellrun la merke til det medan ho stod og dusja. Men dusjen gjorde ho ferdig i bekken, så det gjekk fint. Då eg kom heim frå jobb og gjekk ned til hundane kjende eg plutseleg at bakken gynga under meg, då eg høyrde at det plaska når [...]
No er den årvisse konkurransen om kven som har køyrd lengst fram mot Styggevatnet i gang. Det er nok Bjørnar som ledar, men han trengte nok noko hjelp til returen. Sjå korleis det gjekk her (Dette er ei videofil frå mobilen min, det er ikkje sikkert det er så lett å spele den, me får sjå)
Dei siste dagane har det sete ein gauk i Bukve (no reknar eg med å få ein del kommentarar om at han ikkje er åleine..). I går tok eg eit par bilete av han. Eller er det ho?