Archive for December, 2007

Bjønnstegane

i ettermiddag har Steinar køyrd nye spor i Bjønnstegane. Dei var klare til det vart mørkt. Det er truleg greitt å køyre fram dit også no etter at det har vore to bilar framme og laga spor i kveld.

Stova

Etter utalige oppfordringar legg me ut bilete av stova slik den vart sjåande ut etter oppussinga. Ny sofa og stol kjem etter nyttår.

God jul

Lurar du på kven som kjem med presangane? Lag ei slik felle å sjå kva du fangar.

Klatring på Store Skagastølstid 1918

På google video låg det ein liten snutt frå denne filmen: [googlevideo]http://video.google.com/videoplay?docid=5711327551554896017[/googlevideo] Du kan også sjå eit gamalt NRK innslag der denne filmen vert brukt her

Nissejakt

I dag fann me nesten inngongen til Julenissen sin verkstad. Trur ikkje han var heime. Truleg var han ute å feia skorsteinar for å vere klar til måndag.

Hytta på Mannen

Ikkje så mykje godt skiføre å finna, men så lenge veret er fint over skyene så er det berre å gå på ski. Me får sei som Ibsen har sagt før oss: «Nu er jeg staalsat, jeg følger det Bud, der byder i Høiden at vandre! Mit Lavlandsliv har jeg levet ud; her oppe paa Vidden [...]

Fjellsportfestivalen

I vinter skal det vere fjellsportfestival i Sogndal. Den kan de lese om på www.fjellsportfestivalen.no. De kan også lese om den på Friflyt si side: http://friflyt.no/index.php?pagenr=12&articlenr=54432

Webcam

no om dagen sit eg og leikar meg med eit web kamera. Det kan hende det kjem fleire funksjonar etterkvart, og når det er mørkt ute er det ikkje anna å sjå enn gjenlyset i vindauget på kontoret mitt. Eg skal stille på bilet kvalitet og eksponering og slikt etterkvart. Det kan hende at det [...]

Skitur i Vigdalen

Føret var ikkje det aller beste, men veret var desto betre. Sidan eg hadde med store kameraet i dag legg eg ut litt bilete istadenfor film.

Bjønnstegane

Flott føre og mykje folk i løypa frå Bjønnstegane i dag. Eg prøvde vesle Nansen framfor sleden, men dei fleste andre gjekk på ski. Møtte 9 skiløparar medan eg var på tur, og det såg ut som at fleire allereie var ferdige med skituren då eg kom fram.  

Free Blog Themes and Free Blog Templates
Free Blog Themes and Free Blog Templates