Archive for May, 2008

Ved

   Eit par bileter frå dagens vedarbeid. Far min sagar og mor mi kløyver og eg tek bilete. Så får me sjå kven som stablar, det vert vel ei gong i neste veke.  

Josten

Som mange andre dei siste vekene har eg også gått Josten på langs. lite nytt å melde om der oppe i frå. Men eg kan absolutt reklamere for området i toppen av Erdalsbreen og Lodalsbrekka, bortover mot Klubben osv. Noko av det absolutt beste av brelandskap me har å by på her i landet.

Bamse

Som mange andre var eg ute og tok bilete av nokre hol i snøen i dag. Det eine biletet trur eg at eg skal kalle "Bjønnaløypa kryssar Bjønnaløypa".

Free Blog Themes and Free Blog Templates
Free Blog Themes and Free Blog Templates