veret og formen var akkurat passe til å ta ein tur i høgfjellet i dag, eg orka tilogmed å ta med store kameraet, og då lyt ein no ta nokre bilete sjølv om det berre var BB og hundane som var der oppe, og dei kunne eg no teke bilete av heime.
Dei siste to dagane har eg prøvd eit G9 kamera. For å få noko å ta bilete av måtte me no gå på ski. Og det vart ikkje berre bilete, det vart mange bilete som vert spelt i rask rekkefølgje også. Film kallar nokon det. Men eg kan godt sei det sjølv: Ein del tykkjer [...]
BT skreiv i dag om at det amerikanske nasjonalbiblioteket la ut gamle, handkolorerte bilete på flicker. Fotografane hadde ikkje vet til å ta turen til Jostedal, men likvel nokre fine bilete her.
Hugs at ein ikkje treng å gå på ski kvar dag. Det går an å klatre is innimellom.
No skal me sjå om veslekameraet i vindaugskarmen byrjar å gå fint igjen. Eg har lagt til eit lite bilete frå det til høgre her, det går an å klikke på. Når det er mørkt ute får de opp eit litt løge bilete. Det er gjenskinet i vindauget. Men eg trur det finst ein funksjon [...]
Årets julebord var på Røykjadalen. Kanskje vel bynært i forhold til tidlegare julebord på td. Steinmann, men det vart likevel ein suksess. Medan me venta på at verten skulle låse- og fyre opp tok me ein tur på Tverranibba.