Løyper
På måndag kveld køyrde Steinar opp gode løyper frå Bjønnstegane. Det var faste og fine spor til tross for mildveret (klisterføre). Det verste føret var nok mellom Fåberg og Bjønnstegane. Det ligg ein del snøkumpar i vegen som har rasa ned frå brøytekantane, og issvullen i tunellen kan vere vanskeleg å kome over for dei aller lågaste bilane.
