Dagens syn

Naturen er rundt oss på alle kantar. Etter å ha levert nokre lånte ski hjå Arve og fått kaffi der for me på hjortesafari i Krundalen. Hjort på alle kantar og ein fin rev som også såg ut som den var på hjortesafari. På veg heimatt såg me (hald dykk fast no!) ein grevling ein stad mellom Gjerde og Breheimsenteret. (eg veit kvar me såg den, men privatliv må no det stakkars dyret få.) Kva den gjer her i dalen kan me no lure på. Ser i allefall ut som at tilflyttingskampanja har fått uventa resultat. Men det er no greitt å ha alle mårdyra samla i ein dal. (strengt tatt manglar me vel mårhunden då, men den har vel ikkje fått godkjent asylsøknaden sin i Noreg enno). Grevlingen me såg vralta litt bortover langs vegen før han eller ho på uelegant vis karra seg opp kanten og inn i skogen.
Elles kan me nevne at Thore har laga sin eigen blogg no. klikk her.

One Response to “Dagens syn”

  1. JAa Says:

Leave a Reply

Free Blog Themes and Free Blog Templates
Free Blog Themes and Free Blog Templates