Hyttedøra – igjen :-)

Eg var oppe på hytta for å sette i ein krok på døra sist veke, men døra var sjølvsagt så solid at eg ikkje klarte å skru i den.. Så viss nokon går forbi ein dag med ein drill i sekken og eit tynt bor så hadde det vore fint.

Elles: viss de brenn tom ein gass dunk så LYT DE TA DEN MED NED IGJEN!!! då går det veldig mykje fortare å få den fyllt og teken oppatt. Nett no har eg ein tom dunk ståande her (som truleg sist besøkande hadde brent tom :-( Den skal eg få bytt ein dag, og satt på trappa hjå Bjørnar så kan den som vil ha litt god trim ta den med opp att.

Bileta her er frå ei gong tidlegare i vinter me var på Hytta. Som de ser driv det litt snø inn attemed nye døra også.

Leave a Reply

Free Blog Themes and Free Blog Templates
Free Blog Themes and Free Blog Templates